12. august 2019

Fast jobb i NRK Hordaland

Bergit Sønstebø Svendseid (35) har fått fast jobb som journalist i NRK Hordaland, der ho har vore vikar eit års tid. – Eg er veldig glad for å få lande i NRK Hordaland, saman med dei utruleg dyktige folka her. Det er ein inspirerande stad å jobbe og eg er stolt over å få vere med på laget her vidare. No gler eg meg til valkamp-jobbing dei neste vekene, seier Bergit Sønstebø Svendseid.

Ho kjem frå Telemark og gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar, våren 2006. Etter avslutta praksis i NRK Dagsnytt arbeidde ho ei tid i NRK før ho tok Master i internasjonal juss i London og var frilansar frå Sør-Afrika i nokre år. Vel heime att arbeidde ho med sosiale medium i Fredskorpset og Redd Barna før ho kom attende til NRK.

Sjå meir om bakgrunnen hennar her