13. mai 2020

Fast jobb i NRK Innlandet

– Eg vart så glad då eg fekk jobben at eg berre stod og grein inne på kontoret til sjefen. Det er er berre heilt utruleg godt å endeleg ha fått min første faste jobb. Det seier Marte Iren Noreng Trøen om å få fast jobb som nettjournalist i NRK Innlandet, på Lillehammer. Men det er litt rart også, vedgår ho. – Eg er så vand til å leve med korte kontraktar og usikkerheit at eg trur eg må lande litt før eg kan ta innover meg at eg faktisk kan slå meg til ro på ein plass.

Marte Iren Noreng Trøen (1990) var nynorskpraktikant på kull 25 i 2016/17. Ho var den fyrste nynorskpraktikanten vår frå Valdres og hadde ekstern praksis på NRK-kontoret på Lillehammer. Etterpå var ho sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane før ho vart vikar i P3nyheiter på Tyholt i to år. I fjor sommar arbeidde ho i Bauer Media i Oslo, for radiokanalane Radio Norge, Radio 1 og Radio Rock. Ho byrja som vikar på Lillehammer i januar og fekk fast tilsetting no i mai. Trøen er ein fleirmedial journalist, men på Lillehammer er ho tilsett som nettjournalist.

Men alt 17. mai kjem vi til å sjå henne på fjernsynet. Då er ho ein av to reporterar frå NRK Innlandet, som skal vere med i rikssendinga. Marte Iren skal vere på Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson og fortelje om annleis-17. mai der.

Marte Iren Noreng Trøen er utdanna faglærar i drama, og har ei årseining i Litteratur, film og teater frå Universitetet i Agder. Før ho vart nynorskpraktikant var ho lærar i ungdomsskule og kulturskule i Valdres.