31. januar 2020

Fast jobb i NRK P3

I dag kan vi gratulere Arianrhod Engebø (25) med fast jobb i NRK P3. Ho skal halde fram med programmet sitt «Arian», som skal gå mellom kl.16.00-19.00 alle kvardagar. – Dette er ein ekte draum som blir verkelegheit. Å jobbe i P3 var det eg aller helst ville då eg var yngre og tenkte «Hm, kanskje det er journalist eg skal bli». Difor kjennest det fantastisk å få fast jobb i NRK og høyre til i P3, seier Arianrhod Engebø.

Ho var nynorskpraktikant i 2017/18 og har arbeidd i mP3 og NRK P3 etterpå. I fjor vart ho kåra til Årets unge radiotalent 2019 under Radiodagane. – Eg brenn verkeleg for oppdraget til P3 og meiner at oppgåva vår om å underhalde, informere og trygge norsk ungdom er viktig. Men er også glad fordi denne jobben betyr at eg får halde fram med det eg synst er gøyast i livet – nemleg direktesendt radio. I tillegg er P3 ein arbeidsplass der eg kjem til å få halde fram med å utvikle meg, ha ein variert arbeidskvardag og jobbe med dei beste folka, så no gler eg meg til det eg har i vente, seier Arianrhod Engebø.

Sjå meir om bakgrunnen hennar her