2. januar 2017

Fast jobb i NRK Telemark

Rett før jul fekk Martin Torstveit fast jobb i NRK Telemark. – Eg er veldig glad for å ha fått fast jobb. Det er tøffe tider i mediebransjen og eg føler meg difor privilegert når eg no slepp inn i varmen. Eg har fått mykje tillit i Porsgrunn og har fått prøve meg på fleire nye arbeidsoppgåver. Eg trivst godt og gler meg til å halde fram i NRK Telemark, seier Martin Torstveit.

Martin Torstveit (1992) kjem frå Bø i Telemark og var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2015. Han hadde ekstern praksis i NRK Telemark i mai og juni i fjor, og fekk sommarjobb og vikariat der etterpå.

Før Torstveit gjekk NRK Nynorsk mediesenter hadde han studert norsk ved Høgskulen i Telemark, kunsthistorie og film- og medievitskap ved NTNU i Trondheim, og gått på den danske folkehøgskulen European Film College. I samband med skulearbeidet der var han fotograf på åtte kortfilmar, og heldt fram som fotograf, kamerassistent og lysmeister på fleire kort- og spelefilmar. Torstveit var mellom anna med på opptaka av spelefilmen «Kvinner i for store herreskjorter, og kortfilmane «Jeg faller», «Et gammelt piano» og «Sæd sunday».