31. august 2017

Fast jobb i Valdirektoratet

Bård Holmen Solvik byrja 1. august som kommunikasjonsrådgjevar i Valdirektoratet, med redaktøransvar for alle nettflatene deira. – Det er berre ein knapp månad sidan eg byrja, men eg kjenner meg alt no umåteleg glad for erfaringane eg gjorde meg den korte tida eg var tilsett i NRK. Dette gjeld ikkje minst tida mi hjå Nynorsk mediesenter, seier Solvik, som var nynorskpraktikant på kull 22, våren 2015.

– Lista over ting eg lærte på fire hektiske månader i Førde, og som eg har hatt stor nytte av, er lang. To ting peikar seg likevel ut meir enn noko anna. Det eine er evna til å takle det å bli kasta ut på djupt vatn. Likeins som NRK, er Valdirektoratet stor tilhengar av korte innkøyringsperiodar. Eg byrja i jobben knappe seks veker før valet. Nye reglar, system og arbeidsmetodar har eg måtte lære samstundes med at min nye arbeidsgjevar er midt i det som må kallast høgsesong kva gjeld aktualitet. Det andre er vilja til å gå den ekstra runda som ofte må til for å sikre at det du leverer ikkje berre er eit godt, men også sannferdig produkt. Eg vert audmjuk av å vite at Noreg er eit av dei landa med høgast tillit og oppslutning til valsystemet. Som redaktør for alle Valdirektoratet sine flater, kjenner eg eit særskilt ansvar for å halde denne tilliten oppe. Den beste måten eg kan få til det på, er å følgje dei same etiske retningslinjene eg lærte hjå Nynorsk mediesenter, seier Solvik.

Som nynorskpraktikant våren 2015 hadde Bård Holmen Solvik praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende og arbeidde der som tilkallingsvikar til nyttår. I 2016 vart han vikar i kommunikasjonsavdelinga i Statistisk sentralbyrå og no fast tilsett i Valdirektoratet.