17. april 2015

Fast jobb for Mari Langva

Mari Langva har fått fast jobb i NRK. Ho er producer i Newton, og har arbeidd på Tyholt sidan ho hadde praksis der i 2010.

Mari Langva (1986) er frå Volda og gjekk på kull 12 med nynorskpraktikantar, vinteren/våren 2010 . Ho har arbeidd i fleire redaksjonar på Tyholt. På distrikskontoret (både nett, TV og radio) i Her og nå og P3nyheter. Eit år som producer i Schrödingers katt, og no som producer i Newton. Mari Langva er ei av tre språkkontakter på Tyholt.

– Utan Nynorsk mediesenter hadde eg neppe enda opp som journalist i NRK. Det eg lærte på praktikantkurset har eg framleis med meg, og eg er alltid stolt over å kunne fortelje folk at eg er tidlegare nynorskpraktikant. Det betyr mykje å endeleg vere fast tilsett etter mange år som vikar, seier Mari Langva.

100 % fast jobb

Også ein annan tidlegare nynorskpraktikant har fått 100 % fast jobb i NRK. Det er Hans Henrik Løken (1988) i NRK Sporten. Han har arbeidd i Sporten sidan praksisen i 2011. Fekk fyrst 50 % fast jobb, så 80 % frå i fjor haust og sist veke var 100 % fast jobb på plass.   Løken er frå Odda og gjekk på kull 13 med nynorskpraktikantar, i 2010/11.