17. august 2015

Fast jobb i NRK Hordaland

Det er rett og slett deileg! Eg er veldig glad og føler meg veldig heldig som har fått fast jobb i NRK. Eg trivst svært godt ved NRK-kontoret i Bergen, seier Jon Bolstad.

Han gjekk på kull 17, hausten 2012, og har vore i NRK Hordaland sidan mars 2013. Her vekslar han mellom å lesa dei lokale nyheitene på radio og å vera nettjournalist.

– Eg likar å jobbe med riksnyheiter og lokale nyheiter, og eg er også glad i å jobba med det som skjer «akkurat no». Såleis passar eit kontor som NRK Hordaland perfekt, fortel Bolstad.

Han er den sjette tidlegare nynorskpraktikanten som har fått fast jobb i NRK dette året. Tidlegar i år fekk Mari Langva, Hilde Zahl og Hanne Våge faste jobbar i NRK i Trondheim. I tillegg fekk Tale Hauso jobb på NRK sitt lokalkontor i Odda og Eva Marie Felde fekk fast jobb i NRK Sogn og Fjordane.