28. juni 2014

Fast jobb i NRK Rogaland

Kjersti Hetland (1985) har fått fast jobb som journalist i NRK Rogaland. Ho har vore tilkallingsvikar der sidan nyttår, då ho kom frå tilkalling i NRK Dagsrevyen. – Det er ei stor glede kvar gong ein ny fast tilsett sender gledesmelding, seier Magni Øvrebotten.

Hetland gjekk på det syttande kullet med nynorskpraktikantar, som var ferdige med opplæringa til 1. mars i fjor. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsrevyen og held fram der som sommarvikar/vikar og tilkallingsvikar etter at ho var ferdig som nynorskpraktikant. Kjersti Hetland er frå Bryne og har master i kinesisk språk og samfunn.

– Dette har vore ei strålande veke for faste tilsettingar i NRK. Heile fire tildlegare nynorskpraktikantar har fått fast arbeid i løpet av tre dagar. To i Dagsnytt, ein i Dagsrevyen og ein i NRK Rogaland.  Av dei to rogalendingar, ein trønder og ein sunnmøring, seier ei nøgd Magni Øvrebotten, i det dei tilsette i NRK Nynorsk mediesenter tek fellesferie i juli. Det er den einaste månaden i året det ikkje er nynorskpraktikantar «i systemet».

– 25. august kan vi ynskje kull 21 velkomen i Førde, og i ferien kan vi høyre på radio, sjå fjernsyn og lese nettsider og glede oss over alle dei flinke folka vi har sendt frå oss, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.