17. mars 2016

Fast jobb som fotograf

– No svevar eg på ei lita sky, og det kjem eg nok til å gjera i mange veker framover, seier Sondre Dalaker. Denne veka fekk han fast jobb som fotograf i NRK Sogn og Fjordane. Dalaker var nynorskpraktikant på kull 15, og er snart ferdig med tre års utdanning i Fjernsyn og mulitimedieproduksjon ved Universitetet i Stavanger.

– Eg trur kanskje eg skremde naboane litt rett etter eg hadde fått telefonen om at jobben var min. Eg er ikkje ferdig med utdanninga mi enno, så det betyr veldig mykje for meg at NRK gir meg så mykje tillit. Det vart plutseleg veldig mange vaksenpoeng på ein gong no: i juni startar eg i fast jobb og i juli skal eg bli pappa, seier 24-åringen, som byrja som nynorskpraktikant rett etter at han var ferdig på vidaregåande i 2011.

Sidan det er fjernsynsproduksjon eg har studert dei siste tre åra, er det ekstra stas at det er som fotograf eg no har fått jobb. Eg gler meg til å utforska historieforteljing og nyheitsarbeid  frå den andre sida av kameraet. Så håpar og trur eg at eg også får jobba litt med journalistikk, noko som vil gjera arbeidsdagane endå meir varierte. Det langsiktige målet er å bli ei «superpotet» på lokalkontoret i Sogndal. Med fast jobb som fotograf og med bakgrunn som journalist, trur eg det er eit oppnåeleg mål.

Eg har alltid hatt lyst «heim» til NRK Sogn og Fjordane, men hadde ikkje sett for meg at det skulle skje så raskt. Det var der det starta, og det er forhåpentlegvis der det sluttar når eg fyller 70 og ikkje får jobba i NRK lenger. Då burde eg ha 47 gode år i rikskringkastinga framfor meg.

Bakgrunn

Sondre starta som sommarvikar ved NRK Sogn og Fjordane, rett etter at han var russ 2011, før han byrja som nynorskpraktikant same hausten. Etter praksisperioden gjekk han over til eit vikariat ved NRK Sogn og Fjordane fram til hausten 2013, då han byrja å studere Fjernsyns- og multimedieproduksjon ved Universitetet i Stavanger og blir ferdig der i vår. Ved sidan av studiet har han jobba i NRK Rogaland som journalist. I 2014 som tilkallingsvikar og i 2015 som vikar i ei 50%-stilling.