29. juli 2013

Fast jobb som musikkprodusent i NRK

Aleksander Vallestad, som var nynorskpraktikant i 2009, er blitt tilsett fast som musikkprodusent i NRK.

Gruppa hans har til no hatt ansvar for musikken i P1, men vert no utskild i stabsfunksjon der dei skal jobbe med musikken i P1 og P1+.

– Eg skal altså jobbe med musikken i to kanalar, så det vert nok musikk å halde styr, seier Vallestad.

Han er tilsett på Tyholt, men skal halde fram med å ha arbeidsstad i Bergen. I tillegg til han i Bergen er det to produsentar i Oslo og fire + musikksjef i Trondheim.

– Eg fekk den gledelege telefonen frå Terje Qvam på min 30-årsdag, så det var jo litt av ei trettiårsgåve, fortel Vallestad.

Aleksander Vallestad har arbeidd i NRK sidan 2009 og har tidlegare vore reporter og programleiar i NRK Hordaland.

Vel P1-musikken: F v Aleksander Vallestad, Sola Johnsen, Finn-Ulrik Berntsen, Elin Aandal-Herseth, Pia Skevik, Ingrid Steiro Lægreid og Atle Bredal. Foto: Jon-Annar Fordal/NRK

Vel P1-musikken: F v Aleksander Vallestad, Sola Johnsen, Finn-Ulrik Berntsen, Elin Aandal-Herseth, Pia Skevik, Ingrid Steiro Lægreid og Atle Bredal.
Foto: Jon-Annar Fordal/NRK