1. november 2016

Fast jobb i Førde

Aleksander Åsnes har fått fast jobb som journalist i NRK Sogn og Fjordane. – Det er veldig kjekt å få den tryggleiken det er med fast tilsetting. Då kan eg fokusere på å gjere ein god jobb, og ikkje noko anna. Eg likar meg veldig godt i NRK Sogn og Fjordane, og føler at dei har gitt meg mykje tillit heilt ifrå starten. Særleg har eg fått jobbe mykje med politikk, som eg trivst godt med. Det er godt å vere inne i varmen, og eg gler meg til å halde fram i Førde.

Aleksander Åsnes (1990) var nynorskpraktikant på kull 24, som var ferdige til 1. juli i år. Han hadde ekstern praksis i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende, og fekk sommarjobb og vikariat i NRK Sogn og Fjordane etterpå. Kjem frå Førde, i Sogn og Fjordane. Har ein Bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, med eit semester på utveksling ved Universitetet i California, Berkeley. Han har også studert juss, historie og nordisk, og arbeidd som lærar i Oslo.

Åsnes har vore sentralstyremedlem i Norges Unge Venstre, leiar i fylkeslaget deira i Sogn og Fjordane og økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre. Etter kommunevalet i fjor bestemte han seg for å forlate politikken og satse på journalistikken.

Aleksander Åsnes er den femte tidlegare nynorskpraktikanten som får seg fast arbeid i NRK i år. Sist veke fekk Kjersti Anderdal Bakken (kull 23) fast jobb i Trafikkredaksjonen i NRK på Tyholt. Tidlegare i år fekk Sigrid Agnethe Hansen (kull 21) fast jobb i  NRK Troms, og Sondre Dalaker (kull 15) og Adalheidur Oldeide (kull 18) i NRK Sogn og Fjordane. Av dei 120 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss har 48 fast arbeid i media. 42 av dei er i NRK.