19. september 2017

Fast jobb til Even Lusæter

Even Lusæter (1979) er fast tilsett i NRK Hedmark og Oppland, som videojournalist og reporter. Han har vore vikar der sidan han vinteren 2016 hadde praksis ved kontoret som nynorskpraktikant. Lusæter gjekk på kull 23 med nynorskpraktikantar 2015/16.

– Då eg kom inn døra på Lillehammer etter nyttår for to sidan, såg det ikkje vidare ljost ut for fast tilsetjing. Det var oppseiingar, og mange av dei faste måtte gå frå jobbane sine. Leiarane var også tydelege på at eg ikkje kunne vente meg nokon jobb. Men nå i dag vart det altså kjent at eg var ein av dei to heldige som fekk fast. Ein gudbrandsdøl syner sjeldan fram dei inste kjenslene sine, men eg gjorde ein unnatak i dag, og det var tilløp til jubelscener, seier Even Lusæter etter at han måndag fekk beskjed om fast jobb.

– Andre må svara for kvifor dei valde ut meg, i bunken av over tretti kandidatar. Men eg har i alle fall mykje å takke Nynorsk mediesenter for. Eg reiste frå Førde og kunne litt om alt. På Lillehammer kunne eg difor gå rett inn i jobben som sjølvstendig journalist og kunne levere på alle plattformer og fylle alle hol i vaktplanen. I dag jobbar eg mest som vj, men eg har også andre roller i redaksjonen. Takk til alle i Førde, nå er historias eldste nynorskpraktikant i fast jobb på Lillehammer, seier Lusæter.

Even Lusæter kjem frå Heidal i Sel kommune. Han var lektor i norsk og historie ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule før han vart nynorskpraktikant. Før han tok universitetsutdanning i norsk og historie var han gravemaskinkøyrar i sju år. Han er folkemusikar og ein mykje brukt programleiar i ulike samanhengar i Oppland.