https://www.nynorskmediesenter.no/Fast jobb til Finstad
24. april 2012

Fast jobb til Finstad

Ann-Iren Finstad har fått fast jobb i NRK og er svært glad for det. Medrekna Finstad har 28 tidlegare nynorskpraktikantar fast arbeid i media, 22 av dei er i NRK.

Ann-Iren Finstad har fått fast jobb i Magasinavdelinga i NRK Nyheiter. Der høyrer desse redaksjonane heime: Kulturnytt, Ukeslutt, Søndagsavaisa, Dagsnytt 18, Debatten og Aktuelt.

No arbeider ho i innanriksavdelinga til 22. juli-rettssaka er over. Då skal ho attende til Dagsrevyen som kulturreporter.

Ann-Iren Finstad (1980) gjekk på det niande kullet med nynorskpraktikantar, 2008/ 2009. Ho har arbeidd i Kulturnytt og som kulturmedarbeidar i Dagsrevyen etter at ho var ferdig som nynorskpraktikant. Finstad har master i kultur-og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho skreiv masteroppgåva » I den gode sak si teneste – eit casestudie av filmen Import Eksport sitt møte med kulturjournalistikken». I bacheloroppgåva i kultur-og samfunnsvitskap skreiv ho om Nynorsk i NRK.

Ann-Iren Finstad har også teke Internasjonale freds- og konfliktstudiar ved Høgskulen i Oslo, lokalisert til India. Elles har ho 2-årige studium i informasjonsbehandling og informasjonsteknologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.