20. august 2014

Fast tilsetting i NRK

Ingunn Rauk (1983) er fast tilsett i Marienlystdivisjonen i NRK. Ho startar med å arbeide for programmet «Brenner og bøkene» fire dagar i veka og ein dag i Norgesglaset.

Rauk gjekk på det sekstande kullet med nynorskpraktikantar våren 2012. Ho har arbeidd som vikar og tilkallingsvikar i ulike avdelingar på Marienlyst sidan ho var ferdig som nynorskpraktikant. Frå før hadde ho ein mastergrad i engelsk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen.

Ingunn Rauk kjem frå Grendi i Setesdal og er den femte nynorskpraktikanten som får fast tilsetting i NRK på nokre månader. Før ferien vart trøndaren Eline Buvarp Aardal (1984) fast tilsett i Nyhendevisjonen på Marienlyst, det same vart rogalendingen Vidar Eidhammer (1984) og sunnmøringen Katrine Nybø (1986), og i NRK Rogaland tilsette dei rogalendingen Kjersti Hetland (1985) i fast stilling.

– Dei er sjølvsagt tilsettet fordi dei er dyktige journalistar, og ikkje utifrå kvar dei kjem frå. Men for oss i NRK Nynorsk mediesenter er det kjekt å registrere at vi også lukkast med å få ulike nynorsknære dialektar inn i NRK. Det er neimen ikkje mange nynorskbrukande trøndarar i etermedia, og setesdøler er det sjeldan å høyre på lufta. Og i Rogaland er nynorsken på vikande front, difor er det viktig at NRK tilset rogalendingar som held på målet, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.