5. juni 2015

To faste jobbar

Tale Hauso og Eva Marie Felde har fått fast jobb i NRK. Hauso ved NRK Hordaland sitt lokalkontor i Odda, og Felde i NRK Sogn og Fjordane.

– Dette har vore ei god veke for faste tilsettingar. Eg håpar det held fram, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Tale Hauso (1991) har arbeidd i NRK Hordaland sidan ho var der i praksis. Ho var nynorskpraktikant på kull 19, våren 2014. Hauso har elles ein Bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen.

Eva Marie Felde (1981) har snart arbeidd fire år i NRK Sogn og Fjordane. Ho var nynorskpraktikant på kull 7, våren 2007 og hadde praksis i Dagsnytt og arbeidde der ei tid etterpå, før ho hadde ulike jobbar som informasjonsmedarbeidar. Felde har master i politikk og kommunikasjon frå London Shool og Economics and Politics.

63,6 % i media
Per dags dato har vi sendt frå oss 110 nynorskpraktikantar og 70 av dei arbeider heil- eller deltid i media (63,6 %). 60 av dei 110 arbeider i NRK (54,6 %). 42 har fast jobb i media, 36 av dei er tilsette i NRK.