21. februar 2012

Feitetysdag

Endeleg er det feitetysdag. Før i tida var dette den siste dagen før faste. Då gjaldt det å ete godt. Det er ikkje lenger tradisjon for å faste. Det er heller ikkje så mange som slår seg lause med feit mat på feitetysdag, men det fins framleis nokre som held tradisjonen i hevd. Eg likar å […]

Endeleg er det feitetysdag.

Før i tida var dette den siste dagen før faste. Då gjaldt det å ete godt. Det er ikkje lenger tradisjon for å faste. Det er heller ikkje så mange som slår seg lause med feit mat på feitetysdag, men det fins framleis nokre som held tradisjonen i hevd. Eg likar å ete store mengder hamburger og sjokolade på denne dagen.

Ei undersøking viser at unge menn som møter til sesjon veg, i snitt, 6 kilo meir i Sogn og Fjordane enn dei gjer i Oslo. Aerobicdama, Kari Jaquesson, meiner dette kan kome av at folk på bygda et for mykje kaker.

Vel. Eg er glad i kaker, og synest i grunnen eg får det litt for sjeldan. Eg lurte litt på om det kan stemme, at folk serverer kaker når dei får besøk? Eg gjekk difor ut på gata for å spørje kva folk likar å diske opp med.

Kva dei svarte kan du høyre her.

mmm…

Eg trur eg skal begynne å går meir på besøk til folk her i Førdetraktene.

Ei anna undersøking viser forresten at folk lever lenger i Sogn og Fjordane enn dei gjer i Oslo.

-Kven veit, kanskje har vi alle godt av ein og annan feitetysdag?