22. juni 2020

Fekk Alf Helleviks mediemålpris

Alf Helleviks mediemålpris går i år til journalistane Stig Øystein Schmidt (t.v.) og Espen Moe Breivik i VGTV. Prisen vart delt ut på VGTV sin sommarfest i Oslo sentrum 18. juni 2020. Espen Moe Breivik var nynorskpraktikant i 2017 og har arbeidd i NRK og VG etter at han var ferdig.

PRESSEMELDINGA OM PRISEN:

Prisen skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrka eit normalisert nynorsk talemål. Men også den dialektfarga nynorsken, som kjenneteiknar begge av årets prisvinnarar sitt språk, er det plass til innafor statuttane.

Frå juryen si grunngjeving: «Schmidt og Breivik er svært synlege i VGTV, sjølv om dei er ein språkleg minoritet i det store mediehuset. Dei har vore nyskapande i formspråket i ei av dei mest vellukka, digitale TV-satsingane i Noreg. Dei fortel sine korte, fengande TV-historier med ein modig og moderne nynorsk, som appellerer til eit ungt publikum. Dette skjer i eit mediehus som berre unntaksvis slepp til nynorsk i spaltene sine på papir og nett.
Prisvinnarane har vist at nynorsk duger, også i VG. Nynorsken deira ser ikkje ut å hindra at bodskapen når ut til publikum, heller til dei unge.»

Om dei to prisvinnarane:

Stig Øystein Schmidt, frå Marifjøra i Luster, har arbeidd i VGTV sidan 2017. Han er fast tilsett og filmar, intervjuar og redigerer sjølv. Den siste tida har han arbeidd ekstra mykje med forsvinningssaka i Lørenskog og var ein av kanalen sine profilar under kommunevalet i 2019.

Espen Moe Breivik, frå Volda, byrja i VG som skrivande journalist våren 2018 og fann vegen til VGTV i januar 2019. Breivik er vikar og han gjer alt frå idé til ferdig produkt, og er spesielt oppteken av, og interessert i, å formidle politiske saker. Også Breivik hadde ei sentral rolle i VGTV under kommunevalet.
Juryen honorerer årets prisvinnarar for jobben dei gjer for å synleggjera nynorsken i VGTV. Dei vil og skryta av sjefane deira som har satsa på desse nynorske journalistane.

I juryen sit tidlegare journalist og redaktør i NRK, Sigvart Østrem, dagleg leiar i Norsk fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, og redaksjonssleiar i NRK Sporten, Geirmund Henjum. Biletet frå prisutdelinga er teke av Andreas Røen Pettersen.

ALF HELLEVIKS MEDIEMÅLSPRIS
■ Alf Helleviks mediemålpris vart oppretta i 1998, og går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Prisen er på 25.000 kroner. På lista over tidlegare vinnarar finn vi blant anna Ole Rolfsrud, Yasmin Syed, Oddgeir Bruaset og Ingvild Bryn.

LITTERATURSELSKAPET DET NORSKE SAMLAGET■ Litteraturselskapet Det Norske Samlaget er ein kulturpolitisk interesseorganisasjon skipa i 1868. Hovudoppgåva er å leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgiving. Dei som tingar tidsskriftet Syn og Segn, er medlemmer i Litteraturselskapet. Skal ikkje bli forveksla med forlaget. Forlaget Det Norske Samlaget blei skilt ut som sjølveigande stifting i 1978.
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.