https://www.nynorskmediesenter.no/Fekk draumejobben i Sportsrevyen
11. april 2012

Fekk draumejobben i Sportsrevyen

Denne veka kom Harald Thingnes frå NRK Sport til Nynorsk mediesenter for å fortelje praktikantane korleis ein kan vere ein kreativ og nyskapande journalist.

Hadde draumejobben klar som sjetteklassing

Alt i sjette klasse hadde Thingnes ein klar karriereplan, som han skreiv ned i minneboka til ein klassekamerat: «Å jobbe i Sportsrevyen». For å kome seg dit valde han utradisjonelle vegar og direkte møte med dei ansvarlege for tv-sendingane, og draumejobben har han hatt sidan 1998.

Gjer éin ny ting kvar gong

Thingnes rår til å vere nettopp nytenkjande og utfordrande som journalist, gjennom å gjere éin ting annleis i kvar sak ein lagar. Om det er ein ny lyd, uvanlege biletvinklar eller formuleringar, er dette element som kan drive både saka og reporteren framover, og vere med og utvikle sjølve mediet og måten ein fortel historier på.

– Kva lurer du sjølv på?

– Ofte er di eiga nysgjerrigheit det beste utgangspunktet, trur Thingnes. Det du sjølv lurer på vil også andre lure på. For å få svara må ein snakke med folk, og sondere terrenget for saka ein skal lage, både konkret og med omsyn til temaet ho dreier seg om. Ved å finne ut meir enn ein strengt teke må for éi einskild sak, får ein gjerne idear til nye saker.

  Tenk nytt og planlegg godt

For Thingnes heng skaparevna nøye saman med god planlegging. Mykje kunnskap om emnet ein arbeider med gjer det lettare å kome nære intervjuobjekta gjennom uventa innfallsvinklar. Thingnes ser ofte føre seg hovudet og halen på saka, det vil seie byrjinga og slutten, før han går ut og gjer opptak. Undervegs «knaggar» han gode bilete i hovudet og lagar kommentarmanus til saka. Elles oppmodar han om å logge når ein kan det, altså sjå gjennom råstoffet ein har før ein går i gang med redigering.

Våg å vere kreativ

Thingnes framhevar elles at journalistyrket er ein privilegert posisjon der det viktigaste er å vere nysgjerrig, og å våge å utfordre grenser. Slik kan ein leve lenge som journalist, meiner han.    Ingunn Rauk, kull 16