9. juli 2020

Fekk fast jobb: – Overveldande og absurd

Ida Yasin Andersen var innstilt på at det skulle ta lang tid før ho fekk seg fast jobb. Slik gjekk det ikkje.

Ida Yasin Andersen vart denne veka fast tilsett i kultur og underhaldning i NRK Nyhende.

− Det er både overveldande og absurd å plutseleg vere fast tilsett i NRK. Her er det utruleg mange dyktige folk, og eg føler meg audmjuk og takksam som får jobbe her. Eg gler meg verkeleg til å få utvikle meg som journalist i eit inspirerande arbeidsmiljø, seier ho.

27-åringen frå Stord var nynorskpraktikant på kull 29, før ho våren 2019 gjekk over i vikariat i NRK Vestland i Bergen. Der har ho vore allsidig og jobba med det aller meste, inkludert Klassequizen og laga saker for Norge Rundt − og du hugsar ho kanskje som livereporter frå Bergen på 17. mai. No er ho sommarvikar i kultur og underhaldning, der ho etterkvart altså går over i fast stilling.

− Ho har eit sterkt engasjement for og mykje kunnskap om visuell formidling av journalistikken, er idérik, har stor gjennomføringskraft og har vist at ho er ein dyktig journalist, seier redaksjonssjef Marianne Ytre-Eide.

Sjølv er Andersen overraska over kor fort det har gått, etter at ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018.

− Etter Nynorsk mediesenter var eg jo veldig innstilt på at det skulle ta lang tid før eg fekk fast jobb. Det at eg har jobba som journalist i halvanna år og no har fått fast jobb, hadde eg nesten ikkje drøymt om. Men eg er glad eg har fått så mykje god erfaring frå NRK-kontoret først i Førde, og så i Bergen. Her hatt eg fått prøve meg mykje i dei ulike plattformene, noko eg trur har gjort meg til ein allsidig journalist, seier ho.

− Slik eg ser det, hadde eg ikkje hatt fast jobb i dag om det ikkje hadde vore for Nynorsk mediesenter. Det har verkeleg vore ein døropnar for meg. Til andre som vurderer same løpet: ikkje nøl! Det er ein heilt unik moglegheit, seier Andersen.

Den siste tida har heile fire tidlegare praktikantar frå NRK Nynorsk mediesenter fått fast jobb – tre av dei i NRK. I månadsskiftet juni-juli signerte Vegard Tjørhom og Espen Moe Breivik kontraktar med høvesvis NRK Innanriks og VGTV. Hans Ivar Moss Kolseth fekk like etter fast jobb i NRK Trøndelag, der han startar til hausten. Ei lita veke seinare sikra altså Ida Yasin Andersen seg jobb i NRK Kultur og underhaldning.