30. juni 2020

Fekk fast NRK-jobb etter sju år

Vegard Tjørhom har fått fast jobb i NRK Innanriks. 33-åringen var nynorskpraktikant heilt tilbake i 2013.

− Det er tilfredsstillande å vite at det går an å få fast jobb i NRK om du står på. Eg har også tidlegare håpt på fast jobb, men ikkje lukkast – men denne utlysinga passa meg bra. Det blir spennande å starte til hausten, seier Vegard Tjørhom.

33-åringen frå Sirdal vart denne veka presentert som ny reporter i NRK Innanriks, men han er på ingen måte nokon ukjend journalist i NRK-systemet. Mange kjenner han att frå TV-innslag både frå felt og i studio, og han har lang NRK-røynsle både på nett og radio. Men han har gått ein uvanleg lang og kronglete veg fram mot den faste jobben:

Tjørhom var nynorskpraktikant i Førde våren 2013. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og var vikar der etterpå. Sidan har han vore inn og ut av NRK fleire gongar, mellom anna som vikar i utanriks- og nyhendeavdelingane i vel to år fram til 2017. Hausten 2018 sa han opp ein fast jobb som kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp for å ta eit årsvikariat i NRK. Våren 2020 var han tilkallingsvikar i NRK Sport, før han endeleg fekk fast jobb i NRK Innanriks – heile sju år etter at han var nynorskpraktikant.

− Sju år er lenge. Det har vore periodar der eg har vore usikker på om eg skulle satse på journalistikken, og om det var det rette for meg. Eg har og vore usikker på kor lenge eg skulle orke å leve i uvisse. No er det herleg å vite at eg kan følgje opp eigne tips og kontaktar i fleire år framover, seier Tjørhom.

Tjørhom har no sommarvikariat i utanriksavdelinga til Aftenposten. Han startar i den faste jobben i NRK Innanriks i september.