7. mai 2018

Fem damer på kull 29

Dette er nynorskpraktikantane som startar på kull 29 til hausten: Birgitte Vågenes Bakken frå Langevåg på Sunnmøre, Elise Kvien frå Vartdal på Sunnmøre, Solveig Nyhus Aksnes frå Haramsøy på Sunnmøre, Ida Yasin Andersen frå Stord og Ingvild Aleksandra Eide frå Stord.

Kull 29 frå ventre: Birgitte Vågnes Bakken (1993), Elise Kvien (1996), Solveig Nyhus Aksnes(1995), Ida Yasin Andersen (1992) og Ingvild Aleksandra Eide (1993).

Birgitte Vågnes Bakken er 24 år gamal og kjem frå Langevåg i Sula kommune. Ho er denne våren praktikant i kultur- og kommunikasjonsseksjonen ved ambassaden i Paris. Bakken har mastergrad i fransk frå Universitetet i Bergen, med fordjuping i fransk litteratur, og eit årsstudium i historie frå L’Université de Lille i Frankrike.

Elise Kvien er 21 år og kjem frå Vartdal i Ørsta kommune. Ho held på med ein bachelor i marknadsføring og leiing ved NTNU i Ålesund. Bacheloroppgåva handlar om tv-bransjen og korleis det går med lineær tv når nettstrømming har begynt å bli meir dominerande. Ved sida av studiet er ho programleiar og reporter i Radio Ålesund.

Solveig Nyhus Aksnes er 22 år gamal og kjem frå Haramsøy i Haram kommune. Ho er i ferd med å fullføre ein bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, frå før av har ho eit årsstudium i interkulturell forståing ved NLA. I bacheloroppgåva si skriv ho om abortlova i Colombia som kom i 2006.

Ida Yasin Andersen er 25 år gamal og kjem frå Stord. Ho held på å gjere ferdig ein bachelor i film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen. Ho har også ei årseining i engelsk frå Universitetet i Bergen. Under studiet har ho vore medarbeidar i underhaldningsredaksjonen i Bergen Student-TV .

Ingvild Aleksandra Eide er 24 år gamal og kjem frå Stord. Ho held på med ein bachelor i kvinne- og kjønnshistorie ved Universitetet i Bergen. Ho har også eitt år på nordisk ved Universitetet i Bergen. I over sju år har ho skrive frilans for lokalavisa Bladet Sunnhordland.

NRK Nynorsk mediesenter hadde 36 søkjarar, og hadde ti av dei inne til konferanse. Kull 29 startar i Førde 20. august 2018. Her ventar to månadar med kursing og opplæring, før dei skal ha to månadar med praksis ved NRK Sogn og Fjordane. Deretter ventar to månadar med praksis ved ein annan redaksjon i NRK.