30. april 2020

Ferdige i Førde – klare for ekstern praksis

Torsdag vart kull 32 takka av med tradisjonslunsj, taler og gåveutdeling i kantine til NRK i Førde. Måndag er dei fem praktikantane klare for å starte ein ny epoke.

Det er alltid ein spesiell dag når eit kull med nynorskpraktikantar leverer utstyret, ryddar ut og reiser frå Førde. Denne gongen var det kanskje ekstra spesielt. Ikkje berre hamna praktikantane midt oppi omorganiseringa til NRK Vestland, men på toppen av det heile hadde dei praksis på desken midt under dei hardaste taka i koronoakrisa.

– Det har heilt sikkert vore krevjande både for desken og praktikantane, men dei har gjort sakene sitt svært godt under vanskelege omstende. Dei vart nok kasta ut på djupare vatn enn dei hadde rekna med, men denne gjengen sumde sjølv frå første dag, seier faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

Torsdag vart dei takka av under lunsjen til NRK-redaksjonen i Førde. Det var på langt nær så mange til stades som vanleg, men det vart likevel ei fin stund.

No går ferda vidare i ekstern praksis rundt om i NRK. Sjur Mikal Dolve skal til NRK Vestland i Bergen, Astrid-Amalie Hetland til NRK Supernytt, Trine Svanholm Misje blir å finne i NRK Innanriks, Emily Louisa Millan Eide skal til NRK Kulturnytt og Guro Brattespe Lahus reiser til NRK i Porsgrunn. Kull 32 startar den eksterne praksisen måndag 4. mai.