3. november 2009

Fint skal det vere

Bortsett frå ein kåsør i NRK Radio, som tykte First House minte han om namnet på eit polsk horehus, har det vore lite snakk om namnet. Det har absolutt vore andre sider å debattere med dette føretaket, men likevel er det nokså tidstypisk at få bryr seg med bruk av engelsk i norske verksemder. Det er slett ikkje berre firma […]

Bortsett frå ein kåsør i NRK Radio, som tykte First House minte han om namnet på eit polsk horehus, har det vore lite snakk om namnet. Det har absolutt vore andre sider å debattere med dette føretaket, men likevel er det nokså tidstypisk at få bryr seg med bruk av engelsk i norske verksemder.

Det er slett ikkje berre firma i rådgjeving- og informasjonsbransjen som pyntar seg med engelske namn, i trua på at dei på den måten får eit internasjonalt preg og syner at dei ikkje er nokon «heimfødingar» som held seg til norsk.

Sist sommar lanserte NHO og Språkrådet ein kampanje om å bruke norsk når du kan og engelsk når du må. Kampanjen vart til mykje fordi den nyleg avgådde NHO-leiaren Finn H. Bergesen var oppteken av at vi skal bruke norsk her i landet. Han var uroa over kor lett norsk næringsliv tyr til engelsk både innom og utomhuses. Det skal bli interessant å sjå om arvtakaren John G. Bernander bryr seg med å følge opp denne kampanjen.