12. september 2019

Fire av fem i media

Det trettiande kullet med nynorskpraktikantar var ferdige med halvåret sitt 30. juni og alle hadde sommarjobb i NRK. Fire av fem er framleis journalistar i NRK, med vikariat ut året.

Ragnhild Voreland er den einaste som har hoppa av journalistsporet. Ho er attende i Forsvaret etter at ho takka ja til eit årsvikariat i kommunikasjonsavdelinga på Haakonsvern. Voreland hadde praksis og sommarjobb i NRK Finnmark.

Ola Weel Skram er vikar i NRK Sogn og Fjordane. Han hadde både praksis og sommarjobb i Førde. To frå kull 30 er på Marienlyst. Det er Idunn Lavik, som er vikar i innanriksavdelinga i NRK Nyhende, der ho også hadde praksis og sommarjobb. Og Magnus Urup Helle som er vikar i Brennpunkt i Dokumentar og samfunn. Han hadde praksis og sommarjobb i NRK Sport. Tonje Noreng Trøen hadde praksis i NRK Supernytt og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane, der ho no er vikar ut året.