25. februar 2014
av Magni Øvrebotten

Fjordamattunet

Er det ikkje noko som heiter betre seint enn aldri? Det har vore dårleg med blogging den siste tida. Derfor tenkte eg at eg skulle ta ei lita oppsummering på noko av det vi har vore med på her i Førde. Både sosialt og  fagleg. Noko av det sosiale vi har fått vore med på […]

Er det ikkje noko som heiter betre seint enn aldri? Det har vore dårleg med blogging den siste tida. Derfor tenkte eg at eg skulle ta ei lita oppsummering på noko av det vi har vore med på her i Førde. Både sosialt og  fagleg.

20140114_184534

Noko av det sosiale vi har fått vore med på var blant anna ein tur til Fjordamattunet i Jølster den 14 januar. Dit reiste vi saman med Firdapraktikantane, som er fire praktikantar frå nynorsk avvissenter. Vi har ein del undervisning saman med dei.

20140114_184819

Guro er godt i gong med matlaginga

Fjordamattunet er ei baksteus som Kari og Odd Støfringsdal har laga til i den gamle fjøsen på gardstunet. Der hadde dei eit moderne kjøken utstyrt med alt ein skulle trenge. Vi fekk alle delta i matlaginga, og jobbe saman for å få maten på bordet. På Fjordamattunet legg dei opp til at alle skal bidra til matlaginga. Dette gjer at ein blir kjent på ein litt anna måte enn det ein kanskje hadde gjort dersom ein kun sat og snakka til kvarandre på tvers av eit bord.

Det var i alle fall veldig kjekt å få lage mat saman med Firdapraktikantane, og å bli betre kjend med dei i ein meir sosial situasjon 🙂