31. mars 2017

Formidlar steminga frå UKM

Nynorsk­praktikantane Wibeke Bruland og Sigrid Sørumgård Botheim er i Høyanger heile helga for å følgje UKM . Dei skal formidle stemninga på nett og sosiale medium.

Wibeke Bruland og Sigrid Sørumgård Botheim (Foto/NRK)

Det er blitt ein tradisjon at nynorskpraktikantane dekkjer UKM (Ung Kultur Møtes) for NRK. Laurdag og søndag sender NRK Sogn og Fjordane til saman fire UKM-konsertar frå Høyanger, der fleire hundre ungdommar møtast for å syngje, spele, vise fram kunst og film. Dei to praktikantane skal fortløpande legge ut nettsaker og oppdatere Facebook, Instagram og Snapchat.

— Det er jo artig at NRK gjev oss eit slikt oppdrag. Det er fint å vera ute på ein stad der det skjer mykje og ein ikkje heilt veit på førehand kva ein kjem til å skrive om. Vi er spente på å møte dei unge talenta, seier Sigrid Sørumgård Botheim.