26. august 2011

For tida bergensar

– Berre så du veit det, for tida snakkar eldste barnebarnet ditt bergensar, sa dotter mi då ho henta meg på bussen for nokre dagar hjå henne og familien. Vel framme møtte den omtalte 6-åringen meg i døra med «Hei mommo!», og fusamålet var i bruk att. Denne flotte dialekten med alle o-endingane, som eg har vorte så […]

– Berre så du veit det, for tida snakkar eldste barnebarnet ditt bergensar, sa dotter mi då ho henta meg på bussen for nokre dagar hjå henne og familien. Vel framme møtte den omtalte 6-åringen meg i døra med «Hei mommo!», og fusamålet var i bruk att. Denne flotte dialekten med alle o-endingane, som eg har vorte så glad i etter at eg fekk meg svigerson derifrå.

Foreldre som brukte nynorsk Nokre dagar før hadde eg lese eit intervju med Bård Ose i Bergens Tidende (programleiar for programmet PILS i NRK P1), om utsikta hans frå heimen i Åsane. Han fortalde om oppveksten der på 60- og 70-talet. Foreldra hans var innflyttarar, men han hadde fleire leikekameratane som hadde foreldre som brukte nynorsk! Tenk det. Dei er det nok langt i mellom i Åsane i dag, for der som elles rundt Bergen vert dei lokale dialektane fortrengde til fordel for bergensmålet. Og nynorsk hovudmål i skulen har mange bergensarar særs liten sans for, sjølv om dei vel å busette seg utanfor byn og har både «eg» og «ikkje» i sitt eige talemål . Dei lokale dialektane har ryggen mot veggen, og nynorsken like eins.

Difor er det ikkje lett å vere småbarneforeldre som ynskjer å gjere ungane sine medvitne om eiga dialekt og nynorsk. Ikkje besteforeldre heller for den del.Men vi som oppdrog ungar i stødig «nynorskland» i Sunnfjord på 1980-talet, har i alle høve lite strev å syne til. Mi kampsak var at ungane skulle skilje mellom «å gå på ski no» og «å gå på kino», «skjede» og «kjede», osv. Den vann eg, men språkforskarane meiner det er ein tapt kamp.

Misnøgd svigerdotter Eg har fått ei ihuga målkvinne til svigerdotter, og ho meiner eg har forsømt meg stort når eg let son min fare ut i verda med skarre-r. Ho har prøvt å lære han av med det, i vaksen alder, men han øvde lite og ho gav opp. Då han lærde å snakke hadde han dagmamma frå Bergen, og høyrde meir på henne enn rulle-rane til systra og foreldra heime.

– Kva er gale med r-en min, mamma? spurde han etter nokre dagar på skulen. Læraren hadde bedt alle, som hadde same r-en som han, om å rekke opp handa. Dei vart talde. Gutungen skjøna lite av det, anna enn at det var noko gale med r-en hans. Fyrst mange år etterpå kom det ei stor språkgransking om korleis skarre-r-en spreidde seg over landet, og målingane var gjort på nettopp 1984-årgangen.

Det beste for ungane Alle foreldre vil det beste for ungane sine, men det lettvindte er ikkje støtt det beste, og vi gjev oss nok ofte for lett. Vil ikkje seie at noko er rett eller gale, pent eller stygt, vil ikkje bråke om språksynet i barnehagen, nynorsk i skulen, osv.

Høyrde nyleg eit intervju med ei mor i Skåbu i Gudbrandsdalen, som trudde det var best for ungane om det vart bokmål i skulen der. Ho var sjølv nynorskbrukar, men det var bokmålet ungane møtte over alt og innflyttarane kravde avrøysting om skulemålet. Det var vel utviklinga, meinte ho. (Det var folkeavrøysting der denne veka, og nynorsken vann).

Språkleg mangfald er eitt av særtrekka med Norge. At vi snakkar dialekten vår og lærer både nynorsk og bokmål i skulen gjer at vi får eit rikare utval av ord, og at vi lærer og skjønar andre språk lettare. Til dømes skjønar nordmenn dei andre nordiske språka langt betre enn svenskar og danskar, og språkforskarane meiner det kjem seg av at vi er vande med mange ulike dialektar og har to skriftspråk.

Difor gjer vi den oppveksande slekt ei bjørneteneste med å redusere mangfaldet og gjere alt meir likt. Det vert eit fattigare Vestland om alle snakkar bergensarar!