9. oktober 2013
av Randi Indrebø

Førde, douze points

Det blir langt mellom blogginnlegga her, men no har me ein ledig halvtime. I ettermiddag reiser me til Marienlyst for å få ein glimt av korleis kvardagen er der, det vert stas!

Dei to siste dagane har vore fylte med språkleg terping ved Jan Olav Fretland. Det har vore lærerikt – oppdaga nokre hol i verbkunnskapen, ja. Elles hadde me eit svært inspirerande kurs i tv-kommentar med Eva Westvik. Så no er me alle saman meistrar i knagging og språklege bilete. Hurra!

 

Slik, det var eit lite handlingsreferat, ein aktivitetslogg, oppsummering om du vil. Kjem nok tilbake med meir. No trur eg eg tek meg ei runde og vatnar potteplantane her oppe slik at Magni blir glad. Ha det bloggen! 🙂