11. januar 2013
av Magni Øvrebotten

Førde – Lite snø, billig mat og masse nynorsk

Før eg reiste til Førde for jobbintervju med Nynorsk Mediesenter, så hadde eg knapt sett mine bein i Sogn og Fjordane. Om me ser bort frå ein biltur frå Valdres til Bergen, som av ein eller anna grunn gjekk gjennom Lærdalstunnelen, så har eg aldri vore i dette fylket før. Sogn og Fjordane var faktisk […]

Før eg reiste til Førde for jobbintervju med Nynorsk Mediesenter, så hadde eg knapt sett mine bein i Sogn og Fjordane. Om me ser bort frå ein biltur frå Valdres til Bergen, som av ein eller anna grunn gjekk gjennom Lærdalstunnelen, så har eg aldri vore i dette fylket før. Sogn og Fjordane var faktisk det fylket i landet eg kjente minst til. På ein god andreplass kom Møre og Romsdal.

Eg er vakse opp med å sjå bilete frå det fagre vestlandet, der snøen ligg langs fjellsida, og heilt ned i fjorden. Eg har sett bilete frå Romsdalen, der skikjørarar kan starte skituren på ein tind, og renne på ski heilt heim til stova. Og eg er bortskjemt på snø frå både studieåra i Oslo og barndommen i Sirdal. Eg vert difor ein smule skuffa då eg den andre januar(!!) svinga meg nedover fjellsida mot Førde sentrum, berre for å konstantere at snøen glimrar med sitt fråvere og regnet skyl bort det lille som er att av kvitt gull på bakken.

_MG_6300[1]

Førde har til no vist seg frå ei grå side. Eg trur det kjem til å bli betre ganske snart. Dette er forresten utsikta frå kontoret mitt, lat som eg er.

Mine nye kollegaer har forsikra meg om at årets varme vêr er særs unormalt, og etter ein liten ekstrasjekk på yr.no så har eg fått stadfesta at denne påstanden er sann. Ein må faktisk attende til 2004 for å finne tristare temperaturer enn det som har vore tilfellet her i Førde den siste veka. Men researchen lærte meg også at snø faktisk er mangelvare. Førde er ikkje den skistaden eg har innbilt meg at den er. Men no skal eg ikkje mase meir om vêret. For det er faktisk det einaste som ikkje har levd opp til det eg venta meg av dette halvåret. Til no har me mellom anna fått bli kjent med kvarandre, lære om Sogn og Fjordane (noko som sjølvsagt var gull verdt for meg), lære å lage radioreportasjer og hatt ei frihelg. Denne frihelga innehaldt for min del store mengder ski, på TV. Eg vart sjuk i byrjinga av helga, og det passa meg eigentleg heilt greit, då det var fullpakka med ulike skisporter på TV’en. Elles har eg oppdaga at Coop Mega i Førde har ein eigen kjøledisk OG matvarehylle med varer som er nesten utgått på dato. Desse varene er sjølvsagt til halv pris. Betre kan det ikkje bli for ein gjerrigknark, som også er oppteken av at nordmenn skal kaste langt mindre mat enn det nordmenn faktisk gjer. Tanken på at me kastar fleire tonn mat i året gjer vondt langt inni meg, og eg rettar med dette ein stor takk til Coop Mega i Førde, for at dei motverkar dette, samstundes som dei tilbyr meg billige varer. Som du forstår så har altså veka gått med til å bli kjent med ein ny stad, ein ny jobb og mange hyggelege menneskje. Det vil kome langt meir på denne bloggen etterkvart. Kor mykje, og kor ofte, det veit eg ikkje, men det kan jo vere at det kjem meir om folk faktisk kommenterer?