23. oktober 2013

Føredrag på Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda skipar til seminar om «Norsk mediespråk dei neste tiåra», 23. og 24. oktober. Målgruppa er journalist- og PR-studentar ved Høgskulen i Volda og andre interesserte. Heidi Fagna frå Her og Nå i NRK er møteleiar

Innleiiarar er Per Egil Hegge, som spør om det er håp for det norske mediespråket? Hegge er tidlegare journalist i Aftenposten og har framleis eiga språkspalte der. Etter at han slutta i Aftenposten har han også skrive i Dag og Tid, på nynorsk.

#språkisosialemedier er emnet Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tek for seg. Ho er leiar for det nynorske nettleksikonet Allkunne. Leiaren for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), Torgeir Dimmen, lurer på om «Nynorsk luktar mindre på nett enn på papir».

Torsdag 25. oktober er det Davy Wathne, frå TV2 som opnar. Han spør om «Språkvaktbikkje – ein utdøyande rase?» Davy Wathne er kjend som sportsanker i TV2 og oppteken av kva språk mediabrukar.

Magni Øvrebotten, frå NRK Nynorsk mediesenter, fortel om «Førde – lærestaden for nynorskbrukande journalistar». Ho tykkjer alltid det er spesielt å kome attende til Høgskulen i Volda. Der fekk ho som ung dkredaktør i NRK Sogn og Fjordane, tidleg på 1990-talet, beskjed om at høgskulen «ikkje ville markere seg på fisk og nynorsk», då ho spurde om hjelp til å skaffe fram fleire nynorskbrukande journalistar. Det svaret førde til at NRK Sogn og Fjordane tok den jobben sjølv og vart «Førde-skulen» i NRK, og den danna grunnlaget for at NRK Nynorsk mediesenter vart oppretta for ni år sidan. I haust kom også Nynorsk avissenter, i Avishuset Firda, til med same føremålet; Opplæring av nynorskbrukande journalistar.

Seminaret vert avslutta med at Heidi Fagna, programleiar for Her og Nå i NRK P1, gjev «Språkråd på vegen frå Volda til arbeidslivet».