1. juli 2020

Først fekk Espen pris – så fekk han fast jobb

I løpet av to dagar fekk Espen Moe Breivik både nynorskpris og fast jobb i VG. – Kjempekjekt, seier 27-åringen.

FAST JOBB: Espen Moe Breivik på jobb for VGTV. No er han fast tilsett. Foto: Ola Vatn, VG

− Det er ein tøff bransje å få fast jobb i, så det var godt då det til slutt ordna seg, seier Espen Moe Breivik.

Han har nyleg lagt bak seg nokre spesielle dagar. Sist veke fekk han først Alf Helleviks mediemålpris saman med VG-kollega Stig Øystein Schmidt. Dagen etter takka Breivik ja til eit tilbod om fast jobb i VGTV.

− Prisen kom heilt uventa på meg. Det er ei fin påminning om at nynorsken vår betyr veldig mykje for nokon, for det er det lett å gløyme. Og så kom jobbtilbodet like etterpå, så det er veldig moro. Det er noko med det å lande sånn reint tryggleiksmessig. Spesielt no i ei utfordrande tid, då alt er så usikkert med koronaen, seier Breivik.

Han var nynorskpraktikant i 2017 og har i ettertid jobba i NRK og VG. Det gjekk altså tre år før han halte i land ein fast jobb.

−Du høyrer jo om kollegaer som i lang tid har gått fram og tilbake i korte vikariat, så sånn sett er ikkje tre år så lenge. Men du blir til slutt lei av å leve med uvisse og korte kontraktar, seier han.

Breivik understrekar at han har hatt god lengde på kontraktane i VG, der han til no har hatt eit vikariat i VGTV. Han tek til i den faste stillinga allereie frå 1. juli.

PRISVINNARAR: Stig Øystein Schmidt (t.v.) og Espen Moe Breivik i VGTV fekk Alf Helleviks mediemålpris. Foto: Andreas Røen Pettersen