23. januar 2013
av Magni Øvrebotten

Første radiosak på lufta

Dei siste vekene har vi fått trening i å lage radiosaker. Vi har laga fleire øvingssaker, og fått god rettleiing av erfarne radiofolk. I førre veke fekk vi også gjennomføre ulike øvingar saman med ein logoped, og vi jobba med språket vi skal bruke på radio. På måndag laga eg ferdig ei øvingssak om intelligensorganisasjonen […]

Dei siste vekene har vi fått trening i å lage radiosaker. Vi har laga fleire øvingssaker, og fått god rettleiing av erfarne radiofolk. I førre veke fekk vi også gjennomføre ulike øvingar saman med ein logoped, og vi jobba med språket vi skal bruke på radio.

På måndag laga eg ferdig ei øvingssak om intelligensorganisasjonen Mensa. Mensa har nemleg berre tre medlemmer frå Sogn og Fjordane. Difor spurte eg PR-ansvarleg i Mensa, Sindre Stang, om grunnen til dette var intelligensnivået i Sogn og Fjordane. Han meinte at grunnen til det låge medlemstalet var mangel på interesse, meir enn mangel på intelligens.

Saka vart, som nemnt, ferdig på måndag, og den var i utgangspunktet berre ei øvingssak. Difor vart overraskinga stor, då eg fekk høyre at den skulle sendast på radio. Eg fekk beskjeden nokre minutt før den kom på lufta, og er godt nøgd med radiodebuten min.

Dei neste dagane skal eg halde fram med radioarbeid, og eg håper at Mensasaka ikkje vart mi siste sending på NRK Sogn og Fjordane.