12. januar 2018

Første sak på lufta etter åtte dagar

Kull 28 har allereie fått si første sak på lufta – berre åtte dagar etter at dei byrja på NRK Nynorsk mediesenter.

Kull 28 samla rundt radioen. Frå venstre: Anders Martin Helle, Bente Kjøllesdal, Fredrik Helland og Turid Reksten (Foto: Sigrid Sivertsen Haugan/NRK)

Det er alltid litt spennande å sjå kor raskt den første saka kjem på radio, og denne gongen greidde Fredrik Helland det etter berre åtte dagar som praktikant. Saka hans om operamiljøa i fylket gjekk i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane klokka 07.50 fredag 12. januar.

-Det er veldig artig, men det er også skummelt å få si fyrste sak på lufta. Det er rart å høyre si eiga stemme på ei sak eg sjølv har laga. Veldig rart, seier Helland.

Han synest tida ved Nynorsk mediesenter så langt har vore veldig lærerik og spennande. Praktikantane har blitt godt tekne imot av resten av huset. Men den første saka kom på lufta raskare enn han hadde sett for seg.

-Vi jobbar veldig intensivt, og det gjer det heile veldig spennande. Eg hadde nok venta at det skulle gå litt lengre tid før vi produserte noko som skulle sendast, seier florøværingen.