
Frå Android-diggar til iPhone-elskar med mojokurs
Eg har vore iPhone-skeptikar i lang tid. Mest fordi eg meiner iTunes er slitsamt å bruke og umogeleg å sleppe unna i Apple-universet, men òg fordi Apple-produkt er så skrekkeleg dyre og hårreisande lite kompatible med andre ting. Etter to dagar med John Inge Johansen, teknofil VJ-journalist i NRK Nordland, har eg likevel blitt iPhone-frelst.
Johansen viste oss korleis ein journalist på farten enkelt kan ta gode bilete, stilige videoar og få tak i finfin lyd berre med iPhonen. Han demonstrerte ei heil røys med ekstrautstyr og skreddarsydde appar som er kjekke å ha for ein mobiljournalist, og sendte oss ut på fleire oppdrag for å praktisere det han lærte oss.
Slik fekk me sjølve erfare at
- ein treng ikkje eit busslass med tungt utstyr og fleire folk for å gjere gode reportasjar
- ein kan lage ufatteleg mange kule greier til nettet med mojo
Å kunne handtere ein liten sekk med ekstraustyr og navigere i ein handfull appar for iPhone er alt ein treng for å bli fullverdig mobiljournalist, og å få til dette vil vere ein føremon for oss journalistspirer. Nettet som journalistisk plattform tar meir og meir over for TV og radio, og på nett er det press om å levere både lyd, bilete og video på ein gong, og det skal skje NO!
Derfor er det ikkje utenkjeleg at eg spanderar på meg ein iPhone å øve mojo på når min tilårskomne Samsung Galaxy S2 takkar for seg om ikkje lenge.