1. november 2010

Frå ei snøfonn i Florø

Fyrste veka nede i redaksjonen er over. Vi har vore i lag med dei heilt ordentlege journalistane, i mitt tilfelle i radioredaksjonen. Det har så langt vore både litt fint, litt skummelt, og mest av utruleg hektisk. I staden for å skrive alt for mykje, skal eg heller presentere resultatet av fyrste veke. Eg har visst vorte ein […]

Fyrste veka nede i redaksjonen er over. Vi har vore i lag med dei heilt ordentlege journalistane, i mitt tilfelle i radioredaksjonen. Det har så langt vore både litt fint, litt skummelt, og mest av utruleg hektisk. I staden for å skrive alt for mykje, skal eg heller presentere resultatet av fyrste veke.

Eg har visst vorte ein person for nyhende. Så langt har eg berre laga saker til nyhenda, og eg liker det ganske godt.

Fyrste dag i redaksjonen vart ein klimadag. I Florø var det klimakonferanse, dit reiste eg. Saka skulle handle om dalande klimaengasjement i befolkninga. Slik gjekk det også. Onsdag morgon var saka på Fylkesnytt, og eg fann seinare ut at NRK Alltid nyheter hadde plukka opp saka og kringkasta ho over heile landet. Slik let det.

Neste dag var spanande. Redaksjonen hadde fått beskjed om at Gloppen hotell skulle bli kåra til «Årets ganefart» same kveld. Det artige var at dette enno ikkje var kjend, og vi måtte ikkje fortelja det for tidleg. Eg laga sak om kåringa, og under intervjua måtte eg byrje med å fiske litt etter kva personen eg prata med kjende til om resultatet av kåringa. Her ligg innslaget.

Neste reportasje galdt kutt i Innovasjon Noreg. Han vart sendt på Fylkesnytt laurdag.

Veka fekk artig avslutning. I Aftenposten fredag var det referert ein rapport som synte at sjukehusdrifta her i området vart dyrare etter samanslåinga av sjukehusa mellom Førde og Florø i 1995. Det var i seg sjølv ikkje så artig. Før eg prata med ein av dei som hadde skrive rapporten, og eg kom på å spørje han om fødeavdelingane på Eid og i Lærdal, som no skal bli lagt ned. Plutseleg vart det heile meir aktuelt, så eg ordna snutt til Fylkesnytt, samt innslag og gjest til ettermiddagssendinga. Høyr det her.

No ventar ei ny veke. Utan snø denne gongen.