11. mai 2012

Frå magekjensle til Fjesbok

Vi har 42 meir eller mindre velskrivne søknader om å bli nynorskpraktikantar på kull 17. Eg har lese alle nøye, enkelte fleire gonger. Vi leitar etter folk med engasjement, talent og kunnskap til å kunne bli dyktige journalistar, og språkleg vilje og ryggrad til å bli nynorskbrukande journalistar. Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. […]

Vi har 42 meir eller mindre velskrivne søknader om å bli nynorskpraktikantar på kull 17. Eg har lese alle nøye, enkelte fleire gonger. Vi leitar etter folk med engasjement, talent og kunnskap til å kunne bli dyktige journalistar, og språkleg vilje og ryggrad til å bli nynorskbrukande journalistar.

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar.

Denne gongen er det påfallande mange som skriv bokmål på Fjesboka og på Twitter, medan dei i søknaden fortel at dei har nynorsk som hovudmål og sjølvsagt brukar det. Slik skriv også folk frå tjukkaste «nynorskland», det er ikkje lenger spesielt for dei som openbert er mest opptekne av å kome seg inn i NRK. Å skrive bokmål på sosiale media og «elske» det i søknaden er ikkje eit sjakktrekk for å kome inn på NRK Nynorsk mediesenter, heller tvert om. At ikkje folk skjønar det har eg vanskeleg for å forstå.

Det undrar meg meir og meir kor lite folk tenkjer på at det dei skriv og legg ut på sosiale media vert lese av folk dei søkjer jobb hjå. Kven vil ha folk som kjenner seg dårlege annankvar dag, og legg det daglege sytet, som vi før snakka om innomhus ut for all verda? Alle har vi dårlege dagar, men i dag er det for mange som kunngjer dei og dei kjem for tett. Eg kjenner ikkje ein einaste leiar som leitar etter folk som er jamt elendige. Det nyttar ikkje å pynte søknaden når «røyndommen» på Fjesboka riv ned alt, og i vårt tilfelle også avslører at det ikkje er så nøye om dei skriv bokmål eller nynorsk.

Vi leitar etter folk med språkleg ryggrad til å tole det presset og haldningane nynorsken er utsett for, både i arbeidslivet og privat. Språket kan ikkje vere likegyldig for dei, dei må stå ved det og orke alt det ekstraarbeidet det kan medføre å vere nynorskbrukar – både i media og elles. At nynorskbrukarar kan skrive både nynorsk og bokmål held vi for sjølvsagt, det skal dei ha lært på skulen.

Føremålet med NRK Nynorsk mediesenter er å rekruttere og lære opp dyktige nynorskbrukande journalistar, som kan vere føredøme for andre og medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten sin og språket sitt.

Gode nynorskbrukarar i media betyr også mykje for språkleg godtaking og kunnskap om nynorsk. Det er ikkje tilfeldig at morgonvert Ronny Brede Aase, i P3 Morgon, får e-postar frå bokmålsbrukande ungdom som har gått opp to karakterar i nynorsk sidemål etter at dei byrja høyre etter korleis han ordlegg seg.

Det er slike føredøme – til ulike program og sjangrar – vi leitar etter. Forventningane til dei vi sender frå oss er store, og grunnlaget legg vi med dei vi tek inn.