15. september 2014

Frå NRK til Ingebrigt Davik-huset

Inger Johanne Ruset (1985) er tilsett som leiar og kinosjef for Ingebrigt Davik-huset i Haram. Kino- og kulturhuset i Brattvåg ber namnet til forfattaren og barnetimeonkelen som fortalde oss om Taremareby og mykje anna i barnetimen på 1960-talet, og laga barnetv på 1970-talet.
.

– Eg har fått den einaste jobben eg verkeleg kunne tenkje utanfor journalistikken, seier Inger Johanne Ruset, som sluttar i NRK Møre og Romsdal om ei veke for å bli dagleg leiar for kino- og kulturhuset i Brattvåg.

Ho var nynorskpraktikant våren 2013 og har arbeidd i NRK Møre og Romsdal etterpå. Før ho vart nynorskpraktikant var Inger Johanne Ruset journalist i det finske medieselskapet Futuvision Media, med base i Tammerfors, med Kina som spesialfelt.

Ho har ein dobbel mastergrad, Msc/MA Global Media & Communications, LSE og Fudan University. Fyrste året med medieteori ved London School of Economics and Political Science (LSE), der ho tok valfag innan internasjonal politikk. Andre året var ved instituttet for journalistikk ved Fundanuniversitetet i Shanghai, med praktisk undervising og innføring i det kinesiske mediesystemet.

Inger Johanne Ruset har ein bachelor i samanliknande politikk og ein i medievitskap, frå Universitetet i Bergen. Medan ho studerte der var ho PR-ansvarleg for Studentersamfunnet og aktiv i Studentradioen i Bergen. Ho har vore aktiv i ei rekkje lag og organisasjonar.

Les intervjuet på nettsida til Sunnmørsposten her