Anna Gytri (Foto: Arne Stubhaug/NRK)
5. september 2018

Frå NRK til samferdsle

Anna Gytri byrja måndag som rådgjevar i samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune etter nær ti år i NRK. Ho var nynorskpraktikant på kull 10 våren 2009 og fekk fast jobb i NRK Sogn og Fjordane i 2010. Anna Gytri har vore ein stor entusiast for nettjournalistikken i NRK.

Anna Gytri (1984) skal vere rådgjevar i samferdsleavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune, med særleg ansvar for informasjon og marknadsføring av kollektivtilbodet.