12. april 2016

Frå praktikant til nyhendeanker

– I denne jobben må du vere avhengig av nyhende og det passar meg godt, seier Siri Kleiven Strøm. Ho har vore tilsett i TV 2 Nyhetskanalen i snart to år. Den tidlegare nynorskpraktikanten fortel at du fort blir avslørt om du ikkje er oppdatert på det som skjer rundt om i verda, spesielt når du sit i tv-ruta og går vakter ti timar i strekk.

 

Siri Kleiven Strøm (1987) gjekk på det tiande kullet med nynorskpraktikantar i 2009. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland, var innom NRK Sogn og Fjordane ei tid før ho vart fast tilsett i NRK Hordaland. Der var ho reporter og programleiar for Vestlandsrevyen og Norge i dag før TV2 henta henne til programleiarjobben. Ho rår nynorskpraktikantane til å seie ja til alt, sjølv om dei kanskje ikkje torer. Det var det ho gjorde då vendepunktet hennar kom.

Vendepunktet

– Eg trur det er lurt å jobbe i mindre redaksjonar først i karrieren. Der får ein ofte prøve seg på fleire plattformer enn ein får i større redaksjonar. Det var slik det starta. I Førde vart ho «oppdaga» som direktereporter, og det vart vendepunktet i karrieren hennar. Siri Kleiven Strøm hugsar godt kor nervøs ho var då ho vart sendt ut for å rapportere frå eit ras i Balestrand, ho hadde aldri vore direkte på tv før. Men med hjelp frå gode kollegaer leverte ho direkterapportar til Dagsrevyen ein heil dag.

– Det var då NRK verkeleg oppdaga meg og det bana vegen vidare, seier Kleiven Strøm.

Siri Kleiven Strøm saman med kull 24. Frå venstre: Martin Torstveit, Martha Våge, Siri Kleiven Strøm, May-Helen Rolfsnes, Aleksander Åsnes og Solveig Svarstad (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Siri Kleiven Strøm saman med kull 24. Frå venstre: Martin Torstveit, Martha Våge, Siri Kleiven Strøm, May-Helen Rolfsnes, Aleksander Åsnes og Solveig Svarstad (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Folk likar nynorsk

– Eg har berre fått gode tilbakemeldingar på at eg brukar nynorsk i TV 2, fortel årdølen Siri Kleiven Strøm. Både sjåarane og redaksjonen rosar språket hennar og ho får høyre at ho snakkar tydeleg og at det er lett å forstå henne. Den største utfordringa er at alt stoff kjem inn på bokmål. Det meste må ho omsette på direkten. Då gjeld det å vere ein trygg nynorskbrukar.