24. oktober 2016

Frå Oslo til desken

Måndag 24. oktober byrja kull 25 i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Der skal dei møte røyndommen fram til jul, før dei dreg vidare til andre redaksjonar i ekstern praksis i to månader. Sist veke var dei på Marienlyst og såg på livet der.

For å få ein prat med programleiar Ingunn Solheim var dei fyrst publikum til Debatten torsdag kveld, og etterpå gav ho gode råd om vegen vidare frå praktikant til programleiar. Solheim (1980) var nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane då ho var 19 år gamal, og arbeidde både der og på Tyholt jamsides studiane. Ho arbeidde både i Kanal 24 og TV 2 Nyhetskanalen, og teke juridikum, før ho vart fast tilsett i Dagsrevyen.

I redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane skal nynorskpraktikantane arbeide på alle plattformer. Marte Iren Noreng Trøen startar på fjernsyn, Anders Tesdal Galtung på nett, Kristia Lien Indrehus på sendelaget i radio, Joset Benonia Ness Tveit på SoMe og Kathrine Nygård på radio nyhende.