13. januar 2012

Frå radiofiasko til nettpublisering

Ja, kva skal ein eigentleg seie? Akkurat no sit ein og tyner ut dei aller siste kreftene slik at folket skal få vite litt om dette praktikantlivet i Førde. Denne veka har vore strevsam. Noko anna kan ein ikkje påstå. Men strevsamt må her verte forstått som «nyttig». Eller kanskje «bra»? Trur eg. Eg har […]

Ja, kva skal ein eigentleg seie? Akkurat no sit ein og tyner ut dei aller siste kreftene slik at folket skal få vite litt om dette praktikantlivet i Førde. Denne veka har vore strevsam. Noko anna kan ein ikkje påstå. Men strevsamt må her verte forstått som «nyttig». Eller kanskje «bra»? Trur eg. Eg har iallfall kosa meg, i tillegg til å ha drive med all denne strevinga. Eller er strevet og kosen to sider av same sak? Fordi denne veka har definitivt vore ei god oppleving, alt sett under eitt. Ein lærer utruleg mykje, utruleg raskt. Og det er jo gøy! Men læringsprosessen har alltid vore eit ork for meg, og journalistikklæring viser seg å vere same greie. Rart det der. Til no har eg fått jobba med to saker (i tillegg til ei tullesak me laga førre veke), og utlendingar er stikkordet til no. Typisk. Fyrste sak vart rare, men òg spanande, greier. Det starta trivielt, og eg skulle lage ei sak om ein asylsøkjar og hans kvardag. Kva gjer han? Kva strever han med i Førde? Korleis er det å kome frå eit meir utettervend (det er eit ord, eg lærte det nettopp) samfunn til stumme Førde? Mange idéar. Mykje engasjement. God sak! Men så. Eg fekk erfare det ein (visstnok) opplever ganske mykje som journalist. Planane går ofte litt i grus. I mitt tilfelle dreia det seg om eit intervjuobjekt som viste seg å vere enormt mykje meir spanande enn den trivielle planen eg hadde satt opp. Det vart litt tid til å omstille meg, men det nytta ikkje. Og når han i tillegg åt meg opp levande, og tok kontrollen hundre prosent, gjekk det som det måtte gå. Eg kom heim med råstoff på godt over ein time (til reportasje på om lag tre minutt), og måtte skifte fokus totalt. Det vart ein lang kveld. Lærerikt var det jo. Og saka vart ikkje katastrofal. Men eg må lære meg å setje grenser. Både for meg sjølv og min plan, men òg overfor intervjuobjektet. Lærerikt, altså. Neste sak derimot, enda opp å vere litt nærare ei katastrofe enn det som behageleg er. Det såg derimot så bra ut. Ei konkret og avgrensa hending, mykje potensiale for situasjonar og lydar, viktig historie, og gebrokken norsk. Lettare kunne det ikkje verte, tenkte jo eg. Men det verste er at eg ikkje heilt klarer å seie kva som gjekk gale. Råstoffet var der (litt langt, men betydeleg betre enn sist gong), planen var der òg for så vidt, og eg fekk ein del bra situasjonar og intervju. Men så gjekk det heilt i stå. Det eg slit med er komponeringa av ei (god) historie, og det kjem til å verte mi største utfordring dette halvåret. Sluttproduktet, som hadde deadline satt for å kome med i føremiddagssendinga i dag (hah!), vart diverre ei lita katastrofe. Tone Lin og Randi er snille, og prøver å dra ut det positive som best dei kan. Men noko radiopublisering var aldri aktuelt. Men så foreslo Tone Lin (er ho snill og smart?) publisering på nett. Historia var jo framleis bra. Og jammen; etter litt rask skriving var artikkelen klar. Randi og Tone Lin valde ut nokre bilete, og dermed var det ferdige produktet klar for heile verda! Så, les om aksjon i Førde mot Noregs handsaming av papirlause flyktningar, og vert glad. Eventuelt opprørt og arg. Ikkje veit eg. Eg er særs nøgd, og kan ta helg etter to lange dagar på rad. Publisert, sjølv om det ikkje vart på sjølvaste eteren. Det har derimot Wilhelm og Ingunn klart. Dei er kjempeflinke. Hurra! (Ingunn skal forresten ha noko på lufta i dag òg. Ei reportasje om det glimrande bandet Novgorod som vitja ein gamleheim. Me var på konserten på hotellet her i byen, seinare om kvelden, og det var jammen ei oppleving. Meir av slikt, Førde!) Denne vekas lærdom? Skriving er så mykje greiare enn radiolaging! Men neste veke må eg hoppe uti det att, med eteren/god radiosak som mål. Eg kan kanskje ikkje basere halvåret mitt på å lage elendige radiosaker, for så å lage nettsak av det. Sjølv om det hadde vore det desidert greiaste. No kjem eg ikkje på meir å skrive. Det har allereie vorte altfor langt. Eg skal til mi splitter nye (og aller fyrste!) niese i helga. Ho kjem ikkje til å få særleg mykje fred, er eg redd. Eg får avgrense meg til éin dag.Sjå i takjet!