27. mars 2019

Frå Samlaget til kraftmuseum

Guro Kvalnes byrjar 1. april i ei toårig prosjektstilling ved Kraftmuseet i Tyssedal. Ho skal mellom anna vere med på å utvikle ein ny digital plattform for formidling av kulturhistoria. – Det er eit nytt fagfelt for meg, men eg har god tru på at det blir fagleg spennande. Ikkje minst gjev denne jobben meg ei moglegheit til å kome heim etter 8 år i Oslo, seier Guro Kvalnes.

Guro Kvalnes (1991) var nynorskpraktikant på kull 20, våren 2014. Ho hadde ekstern praksis i Kulturnytt, og var tilkallingsvikar der ut 2015. Kvalnes har vore marknadskonsulent i Det Norske Samlaget og ho var prosjektleiar for 150-årsjubileet deira i 2018.

Kvalnes har mastergrad i litteraturformidling ved Universitetet i Oslo frå 2016. Då ho var nynorskpraktikant hadde ho ein bachelor i allmenn litteraturvitenskap med emner i kunsthistorie. Som student var ho aktiv i studentradioen Radio Nova, som reportar og programleiar i «Skumma kultur».

Guro Kvalnes sat i styret for Kringkastingsringen frå 2015 -19, dei tre siste åra som leiar. Kringkastingsringen er ein medlemsorganisasjon som arbeider for at NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk og for meir nynorsk i media elles òg.