30. august 2018

Frå Språkrådet til Noregs Mållag

Astrid Marie Grov er tilsett som redaktør i Norsk Tidend og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag. Ho er seniorådgjevar i Språkrådet med hovudansvar for arbeider deira på skulefeltet. – Noregs Mållag er flinke til å løfte fram språkpolitiske spørsmål i samfunnet. Eg ser fram til å bli ein del av ein aktiv språkorganisasjon, seier Grov på Fjesboka til Mållaget.

Astrid Marie Grov (1984) kjem frå Hovin, Tinn kommune i Telemark. Ho var nynorskpraktikant våren 2010, med praksis i Dagsnytt og tilkalling der ei stund etterpå. Grov hadde mastergrad i allmenn lingvistikk før ho vart nynorskpraktikant og fekk jobb i Språkrådet alt hausten 2010. Der har ho arbeidd i avdelinga for språk i skulen og offentleg forvalting. Dei siste åra har ho òg arbeidd mykje med kommunikasjon. Ho er journalist i Språknytt og var ei tid redaktør i Statsspråk, begge deler i Språkrådet. I tillegg til jobben er ho no i gang med mastergrad i rettsvitskap.