9. april 2015

25 kandidatar til nynorskpris

Det har kome inn 34 framlegg, om 25 namn, som kandidatar til å få Kulturdepartementets nynorskpris for journmalistar 2015. Fristen for å kome med framlegg gjekk ut 8. april.

Juryen skal ha møte 4. mai og kven som får prisen vert kunngjort før 17. mai. I juryen sit Håkon Haugsbø, Agnes Ravatn og Svend Arne Vee. Magni Øvrebotten er sekretær for juryen.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2015 vert delt ut i Ørsta 26. juni, under Dei nynorske festspela. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

I 2006 var Linda Eide den fyrste som fekk prisen i fjor fekk Ingunn Solheim han. Sjå meir om prisen og tidlegare prisvinnarar her