15. januar 2018

Framlegg til nynorskprisen 2018

I år vert 2. april fristen for å sende inn framlegg til kven som bør få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018. Det vil seie andre påskedag. Juryen skal ha møte i byrjinga av mai og prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 8. juni.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide i NRK var fyrste prisvinnaren. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Vi kjem til å lyse ut prisen i aviser og på nettet i mars, men du kan sende oss framlegg alt no. Skriv kvifor kandidaten din bør får prisen og legg gjerne med døme på arbeida hans/hennar. Merk framlegget “Nynorskprisen 2018”, og send det til nynorskmediesenter@nrk.no

Dette vert den fyrste prisen den nye juryen deler ut. Der er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar for TV 2-programma TV 2 Hjelper deg og Matkontrollen. I juryen har ho med seg nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Du kan finne ut meir om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar her