Prosjektrapporten
Dette er prosjektgruppa som utgreidde Nynorsk mediesenter for NRK-leiinga i 2003, etter at styret i NRK hadde vedteke å opprette eit slikt senter i Førde, i nært hopehav med NRK Sogn og Fjordane.
Frå venstre: Arve Sandal, opphavsmann til ideen, Ottar Grepstad, leiar for Nynorsk kultursentrum, Magni Øvrebotten, leiar for prosjektgruppa og dåverande dk-redaktør i NRK Sogn og Fjordane. Jon Peder Vestad, dåverande nynorskkonsulent i NRK, Gry Molvær, journalist i NRK og tidlegare nynorskpraktikant og Jan Olav Fretland, dåverande leiar for Norsk Språkråd.
Bilete er teke i Aasentunet 13. juni 2003 og rapporten vart levert i november. (Foto: Torgeir Dimmen/Aasentunet).
Silje Nes laga den grafiske utforminga av statusrapporten, og Ingunn Solheim pryda framsida.
Les rapporten her:
Prosjektrapporten (89 downloads)