Jobben min

Jobben min

Vi prøver å fornye denne spalta når vi lyser ut nye kull, for at aktuelle søkjarar skal sjå kva eit halvår som nynorskpraktikant kan føre til. I desse nettintervjua fortel tidlegare nynorskpraktikantar om jobben sin og kva det har betydd for dei å gå NRK Nynorsk mediesenter.

Jobben min: Arbeider med «Trigger Warning»  
31. oktober 2019

Jobben min: Arbeider med «Trigger Warning»

Kva er jobben din? Eg jobbar no i digital undersøkande i dokumentar og samfunn. Her arbeider eg med prosjektet «Trigger Warning». Det er eit prosjekt der NRK har avdekt eit nettverk på Instagram, kor over 500 norske jenter driv med sjølvskading og legg ut sjølvmordstankar. Eg begynte i stillinga som nyheitsjournalist [...]
» Les meir

Jobben min: Journalist i NRK Møre og Romsdal  
9. oktober 2019

Jobben min: Journalist i NRK Møre og Romsdal

Kva er jobben min? Eg jobbar som journalist i NRK Møre og Romsdal. Der jobbar eg for det meste med nett og radio, men også litt med tv. Arbeidskvardagen min i Ålesund er svært variert og eg gjer alt frå å skrive nettsaker, lese nyheiter på radio, lage saker til radiosendingane [...]
» Les meir

Jobben min: Podcastred. i NRK  
3. oktober 2019

Jobben min: Podcastred. i NRK

Kva er jobben din? Eg er ein del av eit team på 4 stykker, som skal utvikle NRK Nyheiter sin daglege nyheitspodcast. Den er heilt i startgropa, og pr i dag er vi berre 2 av 4 på plass. Ragna Nordenborg er programleiar. Dei neste par månadene skal vi utvikle, førebu, [...]
» Les meir

Jobben min: Frontsjef i Vårt Land  
24. september 2019

Jobben min: Frontsjef i Vårt Land

Kva er jobben din? – Eg er frontsjef i Vårt Land. Heilt enkelt vil det seie at eg har hovudansvar for å presentere og røkte journalistikken på VL.no. Ein normal arbeidsdag startar med eit morgonmøte med redaktørar og reportasjeleiarar. Vi går gjennom papiravisa og avisa digitalt, før nyheitsprioriteringane for dagen blir [...]
» Les meir

Jobben min: Politisk journalist  
18. september 2019

Jobben min: Politisk journalist

Kva er jobben din? Eg har akkurat gått over i ny stilling som politisk journalist i Bergens Tidende etter å ha arbeidd med podkastsatsinga til BT i rundt eit og eit halvt år. Korleis likar du deg i jobben? Eg elskar den. Å blir politisk journalist har vore draumen, men det fins få [...]
» Les meir