Nynorskprisen for journalistar

Nynorskprisen for journalistar

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. I statuttane står det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Kjersti Mjør i Bergens Tidende fekk prisen for 2019

Kjersti Mjør etter prisutdelinga på Aasentunet i 2019. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Journalist Kjersti Mjør i Bergens Tidende fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for 2019. Det avgjorde juryen på møte i Førde 6. mai. Prisen vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 14. juni, kl.11.30. Etter nær 30 år som journalist er dette den fyrste nynorskprisen Kjersti Mjør får for språket og journalistikken sin. Ho takkar Ivar Aasen for at vi har eit språk å skrive på.

Harald Thingnes fekk nynorskprisen for 2018

Kulturdepartementet får kvart år ein årsrapport om nynorskprisen for journalistar. I rapporten for 2018 finn du grunngjevinga frå juryen og takketalen til prisvinnaren Harald Thingnes.

Solveig Barstad leiar for juryen

Inger Johanne Sæterbakk, Øystein A. Vangsnes og Solveig Barstad (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

Det er Kulturdepartementet som nemner opp juryen for departementet sin nynorskpris for journalistar. Juryen frå 1. juli 2017 til 1. juli 2021 er: Solveig Barstad, Bærum, journalist/ programleiar i TV 2, Inger Johanne Sæterbakk, Oslo, kommunikasjonsrådgjevar i Norges Bondelag, og Øystein A. Vangsnes, Tromsø, professor ved Universitetet i Tromsø og professor II ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Juryen har valt Solveig Barstad til leiar. Sjå meir om juryen her