"Mediejomfru" av Kjartan Slettemark var kunstverket Gry Molvær overrekte prisvinnar Kjell-Erik Kallset i Dagsavisen i 2007

«Mediejomfru» av Kjartan Slettemark var kunstverket Gry Molvær overrekte prisvinnar Kjell-Erik Kallset i Dagsavisen i 2007

Grunngjevne framlegg til 1. mars 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert lyst ut i fleire riks- og regionaviser og på nettsidene til Kulturdepartementet og NRK Nynorsk mediesenter i februar kvart år. Alle kan føreslå kandidatar frå lokal-, region- og riksaviser, tidsskrift, internett, radio og fjernsyn.

Viktig med grunngjeving

Fristen for å kome med grunngjevne framlegg er 1. mars. Det er viktig at framlegga har ei grunngjeving. Ho treng ikkje vere lang, men juryen ynskjer å vite kvifor du kjem med framlegg om den/dei du føreslær, kva vedkomande har gjort og står for som gjer han/ho verd ei slik påskjøning.

Framlegga kan du gjerne sende til NRK Nynorsk mediesenter på e-post: nynorskmediesenter@nrk.no eller til postboks 100, 6801 Førde.

Avgjerd i april/mai

Juryen kunngjer kven som får prisen i god tid før han vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta siste veka i juni. Denne prisutdelinga er eit eige program på Festspela.