2018 Harald Thingnes

2018 Harald Thingnes

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. I statuttane står det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Harald Thingnes fekk nynorskprisen for 2018

Harald Thingnes tok mot prisen i Aasentunet den 8. juni, i den flotte Sunnfjordbunden sin. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018 gjekk til Harald Thingnes i NRK Sporten.
– Harald Thingnes har vore ein markant historieforteljar i NRK Sporten i 20 år. Han var lenge den einaste nynorskbrukaren i ein bokmålsdominert redaksjon. Thingnes har vore eit føredøme for alle nynorskbrukarar som har kome til, og han har vist at nynorsk er svært dugande som “sportsspråk”, seier juryen. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk, og vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 8. juni. Meir frå prisutdelinga her